Tonje Glimmerdal kan bli spelefilm
Går det som filmselskapet Hummelfilm håpar på, kan boka til Maria Parr om Tonje Glimmerdal bli spelefilm.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi jobbar for at det skal bli film og har fått støtte frå Norsk filminstitutt i to rundar for å utvikla manus og prosjektet, seier produsent Gudny Hummelvoll til Nynorsk pressekontor.
Fleire utanlandske filmselskap skal vera interessert i å vera med å produsera filmen.
Dersom alt går etter planen er målet å koma i gang med filmen neste år. I så fall reknar Hummelvoll med at Tonje Glimmerdal kan visast på kino i 2019.
Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen skal skriva manus, medan Cecilie Mosli får ansvar for regien.
Maria Parr seier ho har hatt fine samtalar med regissør Cecilie Mosli og føler at arbeidet er i trygge hender. Sjølv vil ho difor halda seg i bakgrunnen.
LES OGSÅ: Alle barndommar er like viktige
Cecilie Mosli er kjend både som skodespelar og regissør, og har mellom anna regissert tv-seriar som “Mammon” og dramaserien til NRK for ungdom “Hjerterått”. For tida er ho i Los Angeles og regisserer den fjortande sesongen av TV-serien “Grey`s Anatomy”.
LES OGSÅ: Bakom boka: Maria Parr