Bygdeungdomslaget vil setje ned røystealderen
Bygdeungdomslaget vedtok i helga å setje ned aldersgrensa for å ha røysterett til 16 år. Då kjem dei i fellesskap med ein del andre ungdomsorganisasjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norges bygdeungdomslag (NBU) stiller seg i rekkja av ungdomsorganisasjonar, med Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar i front, som vil gje røysterett til 16-åringar. Blant dei politiske partia er det berre Venstre og SV som vil det.
– Val er den viktigaste formelle deltakinga i demokratiet. Ungdom er gjennomgåande underrepresenterte i alle folkevalde organ, seier den attvalde leiaren i NBU, Tora Voll Dombu.
Ho meiner 16-åringar ikkje er tilstrekkjeleg med i demokratiet, trass i at det finst andre inkluderande ordningar utanom røysteretten.
– For å vere med i demokratiet på ordentleg, så er det valet som gjeld. Ein kan seie mykje fint om ungdomsråd og liknande tiltak, men det er valet som gjeld, seier Dombu.
– 16-åringar er fullt i stand til å gjere seg opp ei meining om styre og stell.
NBU har dei siste tolv åra heldt på med prosjektet «Stem. Bestem!» ved kvart val. Det er ein kampanje for å få fleire unge til å bruke røysteretten, og som dei er nøgde med resultata frå.
– Jo meir me snakkar om val, jo fleire vert medvitne om å bruke røysteretten.
Får nasjonal merksemd om sakene
Dombu fortel at dei merkar distriktsvinden som flyg gjennom norsk politikk for tida, og som er mest synleg med dei gode meiningsmålinga Senterpartiet har fått den siste tida.
– Me merkar det når saker me er opptekne av, kjem på nasjonal agenda. Det er fint å få merksemd om saker som er viktige for Distrikts-Noreg, seier ho.
– Kva er dei viktigaste sakene for dykk ved stortingsvalet i haust?
– Regjeringa har gjennomført ei rekkje synlege og usynlege reformar som me meiner fører til større avstandar mellom folk og tenestetilbod. Me innser at me ikkje kan ha kva som helst kvar som helst, men grunnleggjande tenestetilbod må folka ha innanfor rimeleg reiseavstand uansett kvar dei bur.
På årsmøtet vedtok NBU òg at dei vil ha fleire helsesøstrer i skulehelsetenesta, og at landbruksutdanninga ved Høgskulen i Innlandet ikkje må flyttast frå Blæstad til Stor-Elvdal.