Norske festivalar ser mot Europa for å unngå søppelkaos

Kvar sommar kastar festivaldeltakarar store mengder fullt brukbart campingutstyr når festivalen er slutt, til stor frustrasjon for arrangørane. – I-landsproblem, seier Natur og Ungdom.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20.–22. juli strøymer over 20.000 festivaldeltakarar til Nordfjordeid for å vere med på Malakoff Rockfestival. Rundt 5000 av desse skal bu på camp på festivalområdet, og 1000 telt blir sett opp. Men mange av desse blir aldri tatt med heim igjen. Campsjef Sveinung Mæland Pile seier store mengder avfall blir lagt igjen, tilsvarande nesten to store søppelkonteinarar.

– Det er vanskeleg å seie akkurat kor mykje, men eg reknar med rundt 10–20 kubikk. Det er mykje avfall, der er jo 5000 personar som legg igjen forskjellig. Mykje av dette er bruktbart, og ein stor del av campingutstyret er heilt fint.

Fullt brukande stolar, soveposar og telt er noko av det som blir lagt att. Pile meiner billigkjedene har noko av skulda.

– Det er mykje billigprodukt som er kjøpt frå ymse kjeder, og det er eit problem. Butikkane ser at dei kan tene pengar på dette og reklamerer tungt for billig festivalutstyr, noko som fører til lite gjenbruk. Vi ser baksida av medaljen. For oss er det eit problem, og vi bruker mykje ressursar på søppelhandtering.

No ser Malakoff på løysingar som blir stadig meir vanleg for større festivalar i Europa: å la festivaldeltakarane kome til duk og dekt bord for å redusere dei enorme avfallsmengdene.

– Vi har tenkt på å teste ut andre system som ferdig oppsette telt og den typen ting som er gjenbruksvare. Store festivalar har økonomi til det, men sjølv om vi er ein relativt stor festival, vil det krevje mykje meir arbeid av organisasjonen vår. Det er ei vanskeleg problemstilling. Men vi ønskjer å redusere søppelmengda, det er heilt klart.

Vinjerock blir arrangert 1060 meter over havet, noko som gjer at festivaldeltakarane må ha med seg skikkeleg utstyr. Difor blir også det meste tatt med heim igjen. Men noko blir ståande igjen, slik som denne lavvoen i fjor. Foto: Julie Forchhammer / Vinjerock

Etterlyser felles informasjon

3500 publikummarar var på Trænafestivalen 6.–9. juli på den idylliske øya i havgapet på Helgelandskysten. Presseansvarleg Magni Sørløkk trur omgjevnadene bidreg til at festivaldeltakrane er meir bevisste på å unngå forsøpling. Men mykje campingutstyr blir verande att på festivalområdet etter at festivalen er slutt likevel.

– Det er ein del som blir lagt igjen, det skal eg ikkje leggje skjul på. Spesielt telt og klappstolar. Det er tydeleg at det er ein slags eingongs-tankegang. Viss folk kjøper eit billigtelt er det kanskje ikkje det dei prioriterer å ta med seg heim igjen dessverre.

Sørløkk tykkjer løysinga Malakoff no vurderer, der campingutstyret kan stå klart for deltakarane, er ei spanande løysing.

– Det har ikkje vore tema hos oss så langt, men eg tykkjer absolutt det er ein interessant måte å løyse det på. Det er mange som reiser langvegsfrå med mykje bagasje til Træna, så det er godt mogleg det kunne vore eit godt alternativ.

No etterlyser Sørløkk eit samarbeid med andre campfestivalar for å setje søkjelys på problemet.

– Eg trur større merksemd før festivalsommaren med fleire festivalarrangørar som felles avsendar, er vegen å gå. Det er vanskeleg for oss som enkeltarrangement å nekte publikum å ta med det utstyret dei vil.

Ingrid Skjoldvær er leiar i Natur og Ungdom.

– Står i ei særstilling

20.–23. juli blir Vinjerock arrangert i Jotunheimen, der over 4000 menneske skal opphalde seg i fjellheimen. Festivalen som har som mål å vere det mest berekraftige utearrangementet i landet, har ikkje eit stort problem med at folk legg igjen utstyr etter avreise. I motsetnad til mange andre festivalar er årsaka at utstyret er kostbart.

– Eg trur vi står i ei særstilling sidan festivalen ligg 1060 meter over havet. Det betyr at folk må ha med seg skikkeleg telt og utstyr, som gjer at dei er flinke til å ta med tinga sine ned igjen, seier festivalsjef Julie Forchhammer.

– Det står nesten ingenting att når festivalen er over. Men nokre set igjen campingstolar, både brukbare og øydelagde, og nokre legg att andre ting. Det kastar vi ein del av dessverre, fordi det er for mykje arbeid å ta vare på det eller gi vidare.

– Vi har for god råd

Miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom arbeider kvar sommar med avfallshandtering under mange av festivalane i landet. Ved fleire av dei, mellom anna Malakoff, er organisasjonen ansvarleg for å gi brukbart utstyr vidare til lokale aktørar som kan ha bruk for dei. Leiar Ingrid Skjoldvær meiner det er synd at folk vel å kaste fullt brukbart utstyr.

– Det er eit i-landsproblem at folk har så god råd at dei berre kan kaste frå seg utstyret sitt når dei har brukt det ein gong.

Skjoldvær er svært positiv til å starte med utlånsordningar og meiner at slik situasjonen er no, er det butikk-kjedene som er syndebukkane.

– Det er først og fremst er butikk-kjedene sin feil når forbrukarane får tilbodet. Eg kan godt forstå kvifor det er forlokkande å kjøpe billig utstyr, viss du berre skal bruke det ein gong.

– Samtidig tenkjer eg at det er viktig at folk kjem seg ut. Festivalar er ein stad der veldig mange reiser på camping som ikkje gjer det til vanleg. Gjennom å ha ein type utlånsordning av turutstyr på festivalar, kan ein kanskje gjere det enklare for folk som ikkje nødvendigvis har bruk for å eige eit telt, seier Skjoldvær.