Datatilsynet hindra Venstre-kampanje på Facebook

Datatilsynet sa til nei etter at Venstre spurde om å få bruke innsamla e-postlister til målretta kampanjar på Facebook.

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.07.2017 16:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hadde vore veldig effektivt å sende Facebook-annonsar direkte til e-postadressene Venstre sender nyheitsbrev til, men Datatilsynet sa ein må be om samtykke for å kunne bruke e-postadressene til andre føremål enn det dei er henta inn til, seier digital rådgivar Thomas Lien i Venstre til Dagens Næringsliv.

Direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon set foten ned for Venstre, men meiner generelt partia oppfører seg godt i sosiale medium. Foto:Helse Midt-Noreg/Flickr

Ifølgje Lien er det likevel rom for politisk reklame på sosiale medium, reklame som kan spissast etter alt frå kjønn, bustad og alder til kva interesser brukaren har. Målrettinga kan òg baserast på kva folk deler på tidslinja si, kva appar dei bruker, og kva annonsar dei klikkar på.

– Men ein kan til dømes ikkje sende annonsar til alle som berre har likt ei viss side på Facebook, seier Lien.

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet seier dei har vurdert å halde auge med korleis partia driv valkamp på sosiale medium fram mot stortingsvalet, men meiner at bruken er såpass moderat at dei ikkje ser det som nødvendig.