Vitsen er å bere, og å bli boren


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Trygve Skaug ser ikkje vitsen med seg, om han ikkje er til for å bere deg. Han er poet og låtskrivar. Og så er han klok. Eg ser ikkje vitsen med meg heller, om eg ikkje er til for å bere. Når du er oppe igjen, kan du få bere meg og Trygve Skaug heim igjen. Gi oss krefter til å bere deg, eller nokon andre, endå ein gong.

Så kan vi bere kvarandre, kvar vår gong. Kvarandre handlar om to eller fleire, meir enn berre seg sjølv, fleire som kan vere på lag, som i ei gruppe, i gruppesamfunnet vårt. Kvarandre er eit fint ord.

Spaltist Vilde Amalie Tolo (21) oppmodar alle om å vere til stades for kvarandre, også utanom sosiale medium. Foto: Stine Johanne Gjære Wang

Det er viktig å dele. Det veit jo alle. «Sjå her, verda, kva eg gjer og kvar eg er og kor flotte venner eg har og kor bra eg ser ut»-bilete på instagram. «Sjå på livet mitt, kva eg får til og kor bra eg har det»-glimta på snapchat.

Men så har du kanskje ikkje alltid så mykje å vise fram? Kanskje synst du ikkje alltid at du ser så bra ut? Eller har fått til så mykje eller har det så greit? Ikkje eg heller.

Nokre dagar går det godt. Andre dagar godt nok. Av og til rett på ræva. Då treng eg at nokon kan bere meg. Ikkje på Instagram, heller ikkje på Snapchat, men in real life. Eg treng relasjonar. Eg treng nokon som er sterkare, som kan gi meg omsorg, som kan støtte meg opp.

Eg er sårbar. Ikkje fordi eg er svak. Kanskje heller fordi eg er sterk. Det trur eg Ole Brumm ville vore einig i. Han seier noko liknande. Om at å vere sliten og nedfor og lei ikkje handlar om å vere svak, men om å ha vore sterk litt lenge. Og eg trur jo på Ole Brumm.

Eg er tjueeitt år. Eg skal vere vaksen, eg skal stå på eigne bein, eg skal vere sjølvstendig og eg skal klare meg sjølv. Vere som ein tjueéinåring. Nokre dagar klarer eg å vere det, tar ansvar og løyser problema mine sjølv.

Andre dagar treng eg at andre løyser problema mine med meg. Kanskje til og med for meg. Nokon andre som tar ansvar, som eg berre kan lene meg på, som har krefter til å ta litt vare på, til å bere. Og det er fint. Og viktig. Det trur eg.

Eg trur vitsen er å bere. Og å bli boren. Ta vare på og bli tatt vare på. Kvar vår gong og samtidig. Bere saman, bere kvarandre, vere flokkdyr. Korleis har du det, stille «sånn eigentleg»-spørsmålet, gjerne av og til få eit litt tyngre svar, tore å svare på spørsmålet òg, det kan skje med alle, at nokre dagar er litt tyngre, då kan du bere, eller lene deg.

Kanskje er ikkje alt like enkelt å meistre på eiga hand alltid. Kanskje treng du å bli boren av og til, enten om det berre er litt i handa, ei støtte for hovudet eller heile kroppen. Ei stund, berre. Til du er oppe igjen og kan bere meg og Trygve Skaug heim igjen.