Forskarar: Ufarleg å ete oppdrettslaks

Ein ny studie som er gjort i Bergen, viser ingen teikn på negative verknader av å ete oppdrettslaks – heller tvert imot.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forskarar ved Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen som no har studert effektane av å ete oppdrettslaks hos ei gruppe overvektige, som åt laks til middag fem dagar i veka over to månader. Studien ser ut til å avkrefte påstandane om at laks kan gi auka risiko for diabetes type 2 og redusert immunforsvar, skriv Bergens Tidende.

– Vi fann ingen teikn på det, heller tvert imot. Dei som åt oppdrettslaks fekk betre blodsukkerregulering og betre samansetjing av kvite blodceller. Vi såg òg teikn til at dei kvite blodcellene vart betre til å ete bakteriar, samanlikna med dei i kontrollgruppa, seier forskar Oddrun Anita Gudbrandsen til avisa.

Fiskeprotein og fiskefeitt

Dei gunstige effektane kjem frå fiskeprotein og fiskefeitt med omega-3, trur forskarane.

– Vi synest funna er spennande. Oppdrettslaks ser ikkje ut til å vere farleg likevel, seier Gudbrandsen, som samtidig peikar på at studien ikkje omfattar alt, og at dette trass i alt ein ganske kortvarig studie over berre åtte veker.

Endokrinolog John Cooper ved Stavanger universitetssjukehus og medisinsk leiar for Norsk diabetesregister meiner den positive studien gir oss litt mindre grunn til å uroe oss for å ete oppdrettslaks.

– Samtidig er det verdt å merke seg at han ikkje seier noko om eventuelt innhald av miljøgift i oppdrettslaks, seier Cooper til Bergens Tidende.

Tilrår feit fisk

Cooper rår likevel folk til å følgje Helsedirektoratets råd om å ete 300–450 gram rein fisk i veka, av dette minst 200 gram feit fisk som laks, aure, makrell eller sild.

– Vi tilrår inntak av feit fisk for å førebyggje og behandle diabetes, seier Copper.

Også i fjor publiserte Gudbrandsen og kollegaene hennar ein liknande studie blant folk med normal vekt. Heller ikkje der fann dei uheldige helseeffektar av laks i dietten. Den nye studien er publisert i tidsskriftet British Journal of Nutrition.

(©NPK)