– Sjekk kva du har krav på i sommarjobben!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6243 bedrifter over heile Noreg fekk besøk av sommarpatruljen til LO i fjor.

Ved meir enn kvar tredje bedrift, oppdaga dei brot på Arbeidsmiljølova eller andre brot.

– 67 prosent braut regelen om informasjon om verneombod. Alle har krav på å vita kven som er sitt verneombod, seier ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane, Øyvind Møller.

Verneombodet blir vald av arbeidstakarane, og har som oppgåve å passa på arbeidsmiljøet og at ingen blir skadde på jobb.

Mangelfulle kontraktar

Alle har krav på å få ein arbeidsavtale, men sommarpatruljen finn ofte manglar.

– Ofte står det ikkje kva dei skal gjera i jobben, kor lenge arbeidsforholdet skal vara, kor lenge arbeidsdagane er og kor mykje betaling ein skal ha, seier Øyvind Møller.

Sommarpatruljen har òg oppretta si eiga telefonlinje for unge arbeidstakarar som har spørsmål.

For seint utan avtale

– Noko me har opplevd, er at når ein ikkje har skriftlege avtaler om korleis arbeidsforholdet skal vera med arbeidsgjevaren sin, då er det nesten for seint og flokene blir berre større og vanskelegare å løysa. Dette er den grunnleggande feilen som veks til større problem, og er ikkje dei tilsette organisert i ei fagforeining, før dei hamna i trøbbel, så kan det vera vanskeleg å få hjelp, seier ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane.

– Har blitt betre med åra

Då sommarpatruljen starta for 32 år sidan, så braut annankvar bedrift som vart besøkt reglane i Arbeidsmiljølova.

I dei seinare åra har det hovudsakleg vore mangel på arbeidskontraktar som har vore utfordringa, men no har også dette vorte mykje betre.

– Sjølvsagt er ikkje alle arbeidsgivarar ute etter å utnytte sine unge arbeidstakarar, og dei aller fleste har alt i skjønnaste orden, andre ordnar gjerne opp i det me peikar på der og då, understrekar han.

Her er 5 viktige ting å hugsa på for deg som skal ut i sommarjobb:

  1. Du har krav på skriftleg arbeidskontrakt – uansett jobb. I arbeidskontrakten skal det blant anna stå noko om:
  • Arbeidstid
  • Løn
  • Oppseiingstid
  1. Du har krav på å få vita når og kor mye du skal jobba.
  2. Du har krav på overtidsbetalt når du jobbar overtid.
  3. Du har krav på skikkeleg opplæring i arbeidet du skal utføra. Det handlar både om korleis jobben skal gjerast, og det er viktig for helsa og tryggleiken din.
  4. Du har krav på minst éin pause dersom arbeidstida overstig fem og ein halv time