Skrivekonkurranse: Kva kan skjønnlitteraturen gi oss?

Framtida.no, Falturiltu og Magasinett arrangerer skrivekonkurranse for ungdom om lesing.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 13.08.2017 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrivekonkurranse: Kva kan bøker gi oss?

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Tips til kva du kan skrive om:

– Ta utgangspunkt i ein klassikar du er glad i, og skriv om kva som gjer boka aktuell i dag og/eller kva me kan læra av å lesa litteratur

– Skriv om kva ein går glipp av når ein ikkje les.

– Les ein verdsklassikar og skriv om opplevinga di.

– Skriv eit lesarinnlegg om kva du meiner om norskfaget i skulen. Blir det brukt for mykje eller for lite tid på skjønnlitteratur? Grunngi meiningane dine!

– Nokon seier at tv-serien er den nye romanen. Diskutér!

Sjanger: Debattartikkel, lesarbrev, kåseri eller petit

Lengde: Maks 4000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 4. september

Teksten din kan du sende inn til magasinett@gmail.com!

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!

Prosjektet er ein del av prosjektet Verdslitteratur på nynorsk og er støtta av Norsk Kulturråd.