Lanserer ti tiltak for å få opp valdeltakinga blant unge i ny rapport.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleire unge til å røyste

– Me er i ferd med å få eit gap mellom dei som deltar i demokratiet og dei som ikkje gjer det, seier Rode Hegstad, påtroppande leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

I dag lanserte LNU rapporten Unge stemmer 2017, som åtvarar om at fleire grupper av ungdom fell utanfor demokratiet og risikerer å bli varige sofaveljarar.

Gutar utanfor
Trass i at ungdom samla sett er minst like politisk aktive som før, er det nemleg store variasjonar mellom ulike grupper av unge: Gutar og unge med innvandrarbakgrunn eller yrkesfagleg bakgrunn deltar mindre i demokratiet enn gjennomsnittet.

Rapporten viser til dømes til følgjande funn:

• 52,9 av jentene mellom 16 og 19 år i Oslo hadde deltatt i ulike former for politisk aktivitet i 2015, medan berre 40,9 prosent av gutane hadde gjort det same.

• Kvinner under 26 år hadde 7 prosentpoeng høgare valdeltaking enn menn i stortingsvalet i 2013. Då 16- og 17-åringane fekk røysta i 2015, var valdeltakinga 10 prosentpoeng høgare blant jentene.

• Ved forsøket med røysterett frå 16 år i lokalvalet 2015 var valdeltakinga vesentleg høgare på studiespesialiserande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram.

• I lokalvalet i 2015 var valdeltakinga blant 18- og 19-årige innvandrarar på 27 prosent, mot 39 prosent blant norskfødde med innvandrarforeldre og 51 prosent i majoritetsbefolkninga.

Tiltaksplan
LNU er i tillegg uroa over at unge ligg an til å bli underrepresenterte på Stortinget, også i komande periode. Medan 18- til 29-åringar utgjer rundt 20 prosent av befolkninga, vil berre 11,8 prosent av representantane på Stortinget vera under 30 år etter valet 11. september, ifølgje prognosar LNU har fått.

– Det er mange menn som pushar 50 på Stortinget i dag, og det er ingenting gale med dei, men me går glipp av viktige perspektiv. Det vil vera få unge politikarar som kan løfta saker som er viktige for ungdom etter valget i høst, seier Rode Hegstad.

I rapporten lanserer LNU følgjande ti tiltak for å få opp valdeltakinga blant alle grupper av unge:

1. 16-åringar får røysterett frå og med lokalvalet i 2019

2. Veljarar skal kunna røysta i ein annan kommune enn den dei er folkeregistrert i, også på valdagen

3. Veljarar skal også kunne gi personrøyster når dei førehandsstemmer i lokalval

4. Personrøyster får større tyding i stortingsvalg

5. Vallokale blir lagde der mange unge oppheld seg, for eksempel utdanningsinstitusjonar

6. Alle unge får ei påminning om valet på SMS i forkant av valdagen

7. Auka støtte til valinformasjon og haldningsskapande arbeid

8. Skuleval blir obligatorisk på vidaregåande skular

9. Opplæringa i demokrati og medborgarskap kjem tidlegare i skuleløpet og i fleire fag, og legg vekt på at medborgarskap også er ein praktisk dugleik

10. Ungdomsråd blir obligatorisk i alle kommunar; råda må vera sjølvstendige, representative og kontinuerlege, og ha tilstrekkeleg informasjon og kompetanse til å driva reell medverknad.

Les også intervjuet vårt med den komande LNU-leiaren: – Politikk er altfor viktig til å overlate til dei vaksne