100 millionar kroner til miljøvennleg teknologi

Innovasjon Noreg, Enova og Forskingsrådet blar opp til prosjekt for utsleppsfri transport.

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 12:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

100 mill. til miljøteknologi

Sjøtrikkar, den første hydrogenferga i verda og ein sightseeingbåt på batteri er blant prosjekta som er godkjent i Pilot-E-ordninga som næringsminister Monica Mæland (H) vil ha meir av.

– Vi må tenkje grønare, smartare og meir nyskapande. Målet er at norske bedrifter skal skape og selje fleire berekraftige løysingar, seier Mæland i ei pressemelding frå Næringsdepartementet.

LES OGSÅ: Nordmenn reiser meir kollektivt enn nokon gong før

Pilot-E blei lansert i fjor og skal bidra til utvikling og bruk av nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi. Den gongen blei det utlyst 70 millionar kroner, som gjekk til fem prosjekt. No skal det altså delast ut 100 millionar kroner til nye prosjekt med temaet utsleppsfri transport på land.

– Utsleppa innan transport skal reduserast med 40 prosent innan 2030. Strengare krav betyr at vi må vere tidleg ute med nye løysingar. Det kan gi nye forretningsmoglegheiter for næringslivet, seier Mæland.

LES OGSÅ: Uber vil lansere flygande drosjar