Kvinner trivst med førstegongsteneste

Sjølv om éin av seks blir mobba.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ni av ti jenter fødde i 1997, kullet som avtener allmenn verneplikt, anbefaler førstegongstenesta til andre jenter, sjølv om éin av seks opplever mobbing.

Det viser svara frå den nye vernepliktsundersøkinga, gjevne att i Aftenposten. Rundt 3.600 soldatar har svara på spørsmåla i undersøkinga, gjennomført av Forsvaret. Det er første gong kvinner som avtener allmenn verneplikt er med i undersøkinga, men sjølv når dei ikkje har søkt seg til Forsvaret, ser det ut til at jentene trivst svært godt. Heile ni av ti seier dei trivst.

Delen kvinner som seier dei opplever seksuell trakassering eller mobbing, har gått ned frå 23 prosent til 15 prosent, mens 2 prosent av mennene seier dei opplever det same.

LES OGSÅ: Slutt på griseprat på fellesrom

– Trakassering er noko vi ser at i stor grad skjer soldatane imellom, og allereie første dag inne i tenesta tar vi tak i dette. Forsvaret har nulltoleranse for trakassering og mobbing, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

Generelt er trivselen høg, sju av ti som avtener førstegongsteneste seier den har innfridd eller overgått forventningane dei hadde på førehand og 84 prosent trivst. (©NPK)

LES OGSÅ: Forskar: – Forsvaret er prega av feminin åtferd