VG er årets avis
Håva inn prisar under utdelinga av Medieprisen onsdag, inkludert «årets avis».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
VG vart den store vinnaren i år og stakk av med sju av 19 prisar i konkurransen. «På en bemerkelsesverdig måte løser de daglig samfunnsoppdraget og setter nasjonal standard for hvordan nyheter formidles», heiter det i ei pressemelding.
Det blir også lagt vekt på VGs gravande journalistikk og dei mange avsløringane avisa har komme med.
Me seier ikkje at det er ein samanheng, men: VG opnar for meir nynorsk
Det 143 år gamle magasinet KK vann prisen for årets magasin etter at dei har teke steget ut i den digitale verda. «Årets magasin beherskar balansen mellom tungt og lett innhold på en mesterlig måte. Magasinet har klart å transformere en tradisjonsrik merkevare fra papir til et ledende og lønnsomt nettsted.»
NRK-serien Skam vann årets programserie. VG fekk pris for årets nasjonale nyheitsstad, mens Bergens Tidende fekk prisen for årets lokale nyheitsstad. Håkon Gundersen i Morgenbladet fekk NTBs språkpris.
LES OGSÅ: Bli med på Skam-safari i Oslo!
Prisutdelinga gjekk føre seg under Nordiske mediedager i Bergen og er arrangert av Mediebedriftenes Landsforening.