Ønskjer støtte til ny teknologi i landbruket

AUF i Sogn og Fjordane kjempar for nye ordningar for landbruket.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane, gjekk på talarstolen på landsmøtet til Arbeidarpartiet i dag, og tok til orde for øyremerka midlar til modernisering av landbruket.

Fylkeslaget til AUF krev òg ein forpliktande plan for såkalla IBU-midlar. Dette er midlar som legg til rette for langsiktig og lønnsam verdiskapning, og desentralisert busetjing.

– Me må øyremerka midlar til modernisering av landbruket, slik at bøndene også kan møte framtidas teknologi. Samstundes må me sikre at ein i framtida også kan drive gardsbruk i både liten og stor skala. For me skal ikkje vere det partiet som favoriserer storbruka, enkelt og greitt fordi me vil at alle skal med, sa Henrik Thorsnes Lefdal i talen sin.