Facebook-ministeren
Sosiale medium har blitt ein arena for utøving av politisk makt. I løpet av kort tid har statsskikken vår fått eit nytt fenomen: Regjeringsutøving via dårleg skjulte truslar på Facebook.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mediekommentar av Sven Egil Omdal
I løpet av eitt døgn i slutten av mars 2017 brukte kulturminister Linda Hofstad Helleland to gonger eit av de kraftigaste våpna ein statsråd har: Ho sende eit tydeleg signal. Ho gjorde det ikkje gjennom ein proposisjon eller eit skarpt innlegg frå talarstolen på Stortinget, men via Facebook, og det før mottakarane hadde fordøyd frukosten.
Islamsk Råd hadde tilsett ein kontorfullmektig som av ein eller annan grunn går tildekt i niqab. Utan særleg dekning i dei faktiske forholda skreiv TV 2 og andre at ho skulle vere rådet sitt «nye ansikt utad». I røynda skulle ho vere eit skjult ansikt innad. Men fordi alle var enige om å diskutere den feilaktige versjonen, blei reaksjonane sterke, både hos medlemmer av Islamsk Råd og folk som står organisasjonen fjernt. Kulturministeren er ikkje muslim, men for rådet er ho mektigare enn moskeane sine leiarar, ettersom ho kontrollerer statstilskottet. «Grab them by the purse», og folk blir forunderleg lydhøyre.
Klokka 07.43 tysdag 28. mars skreiv Linda Hofstad Helleland på sin private Facebook-vegg: «Når Islamsk Råd tillater at de ansatte bruker niqab, kan det komme i veien for de gode formålene. Det vil skape større avstand og mindre forståelse.»
Ho skriv i eigenpresentasjonen at «jeg kan ikke saksbehandle via Facebook», men Islamsk Råd kan ikkje kritiserast om dei oppfatta meldinga som eit ganske kraftig stykke saksbehandling. På årets statsbudsjett fikk dei ein snau halv million ekstra, nettopp for å styrkje dialogen med storsamfunnet. No skreiv ministeren at dei hadde brote føresetnadene for ekstrabevillinga.
Dagen etter var det Norges Idrettsforbund som fekk ein morgonproposisjon via kulturministeren sin Facebook-vegg, og det allereie klokka 07.38. Idrettsstyret hadde nettopp fjerna generalsekretæren, og idrettspresident Tom Tvedt antyda at dei kanskje til og med ville offentleggjere reiserekningane hans.
«Hvis det han nå sier betyr å imøtekomme kravet fra mange i norsk idrett og myndighetene om å åpne for fullt innsyn i regnskapsopplysninger/bilag for allmenheten tilbake i tid, så er det veldig positive nyheter», skreiv ho. Sjølv før dagens første kopp kaffi var nok Tvedt såpass vaken at han tok signalet om at idrettsstyret bør «imøtekomme kravet fra myndighetene» – sidan myndigheitene i dette tilfellet er nettopp idrettsminister Linda Hofstad Helleland.
Hadde ho skrive gammaldagse brev til Islamsk Råd og Idrettsforbundet, ville dei blitt journalførte og vore ein del av Kulturdepartementet si formelle embetsutøving. Det same ville skjedd om ho hadde sendt tekstmeldingar til dei to leiarane med beskjed om at dei bør gjere som ho seier. Sivilombudsmannen har slått fast at SMS-ar som er ein del av departementet si sakshandsaming og har verdi som dokumentasjon, skal journalførast og arkiverast.
Arkivlova slår fast at «offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid». Men foreløpig er ikkje Twitter, Instagram, YouTube, Snapchat, Whatsapp eller Facebook omfatta av lova. Den som vil finne ut kvifor Idrettsforbundet plutseleg blei så medgjerlege (om dei blir det), vil lett kunne oversjå at kulturministeren ei tidleg morgonstund sende eit tydeleg signal via Facebook.
USA har fått ein president som forsøkjer å styre verda 140 teikn om gangen. Prosjektet Factba.se dokumenterer alt Donald Trump seier og skriv, anten det er i talar, i presidentordrar eller grytidlege twittermeldingar. Idet eg skriv dette, er tellinga komme til 2 725 358 ord, inkludert 173 tweets som han har sletta i ettertid. Sidan han blei nominert, har han nemnt «Norway» 25 gonger, om nokon lurte.
Om kulturministeren er trendsetjar, og har tenkt å flytte delar av departementet si saksbehandling til sosiale medium, bør vi snarast få ein diskusjon om korleis vi kan få ein tilsvarande database, som sikrar både Stortinget, pressa og veljarane sine moglegheiter for kontroll, innsyn og dokumentasjon.
Først publisert på NDLA.no under CC-BY-SA-lisens.