– Språkrådet er velkomne til Volda/Ørsta

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha Språkrådet til Volda/Ørsta

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Høgskulen i Volda og Volda og Ørsta kommunar er klare til å ta i mot Språkrådet om det blir utflytting.

– Vi vil legge tilhøva godt til rette for Språkrådet, både fagleg og på andre måtar seier ordførar Stein Aam i Ørsta, ordførar Jørgen Amdam i Volda og rektor for Høgskulen i Volda Johann Roppen.

Eit fleirtal på Stortinget vurderer å flytte Språkrådet ut av Oslo, men Noregs Mållag er bekymra for at det vil gå ut over kompetansen

Språkrådet står på lista over statlege institusjonar som kan vere aktuelle å flytte ut frå Oslo, og Volda/Ørsta melder seg no på som ein av stadene som ønskjer Språkrådet velkomne. Tidlegare har også Bergen meldt seg på i denne konkurransen.

– Vi har fleire tenlege kontorlokale for dei om lag 35 tilsette i Språkrådet og det er mange attraktive bustader i Volda/Ørsta og i pendleavstand i regionen, seier ordførarane og rektoren, som også framhevar god livskvalitet og lange kulturelle og språklege tradisjonar.

Det språklege fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta kommune tel ca. 40 personar.

– Vi er definitivt ikkje det største språkmiljøet i landet, men samtidig ville vi kunne gje Språkrådet meir støtte og betre tilrettelegging fordi Språkrådet ville verte ein svært viktig arbeidsplass i regionen, seier ordførar Stein Aam, Jørgen Amdam og rektor Johann Roppen.

Les også om Høgre, som foreslår å privatisera Språkrådet: