20 millionar er råka av svoltkatastrofe. No aukar Noreg støtta

– Det hastar å redde liv.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hastar å redde liv

Over 20 millionar menneske er råka av svoltkrise i Jemen, Sør-Sudan, Somalia og det nordaustlege Nigeria.

– Me står overfor den verste humanitære katastrofa i FNs historie. 1,4 millionar born risikerer å svelte i hel. Noreg aukar derfor støtta til livreddande naudhjelp og mattryggingstiltak til totalt 673 millionar kroner, seier utanriksminister Børge Brende (H) i ei pressemelding.

Noreg har allereie bidrege med 324 millionar kroner til desse landa i år, og aukar no innsatsen med ytterlegare 349 millioner kroner, opplyser Utanriksdepartementet. Midlane skal gå til naudhjelp via FN, Raudekrossen og norske humanitære organisasjonar.

– Det hastar å redde liv. Tryggleikssituasjonen gjer det vanskeleg å få inn hjelp på ein rask og effektiv måte. Me oppmodar styresmakter og alle aktørar i de svoltråka områda til å gi sivilfolket tilgang til humanitær hjelp med ein gong, seier Brende i pressemeldinga.