«Skamlause jenter» og Leo Ajkic får Fritt Ords Honnørpris

– Håper det vil inspirere andre til å bruke stemma si, seier Nancy Herz.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 29.03.2021 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leo Ajkic får Fritt Ords Honnørpris

Leo Ajkic og «dei skamløse jentene» ved tre av dei – Amina Bila, Nancy Herz og Sofia Srour får Fritt Ords Honnør.

Stiftinga Fritt Ord kallar NRKs TV-serie, der Ajkic er programleiar, nyskapande og uttalar at den har skapt stor innsikt i situasjonen for flyktningar, og tilført innvandrings- og integreringsdebatten nye perspektiv.

I «Flukt» har Ajkic bevisst brukt sin eigen bakgrunn som flyktning for å fortelje dei personlege og dramatiske historiene til flyktningar i Europa og Noreg, heiter det.

Bile, Herz og Srour får prisen for sin personlege og modige innsats for å belyse sterk sosial kontroll i minoritetsmiljø.

«Dei skamlause jentene» vart eit omgrep etter at Nancy Herz brukte det i eit debattinnlegg i Aftenposten våren 2016. Der skreiv ho: «Vi er dei skamlause arabiske jentene, og vår tid begynner no. Vi ser stadig fleire jenter frå minoritetsmiljø som står opp og trassar våre eigne».

Dei har sett sine eigne dagsordenar i hittil underbelyste debattar om æreskultur, kjønnsroller og sosial kontroll av kvinner i minoritetsmiljø. Dei unge kvinnene set tydelege spor etter seg i offentlegheita, skriv Fritt Ord.

Fritt Ords Honnør er på 100.000 kroner, og er ein påskjøning som blir delt ut av Fritt Ords styre for verdifullt virke i det frie ords teneste, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak.

– Veldig stas å få denne prisen med to dyktige tøffe damer, og Leo Ajkic som har rørt og inspirert ein heil nasjon i vinter. Mitt håp er at det inspirerer fleire til å bruke stemma si, og kjempe for det dei trur på, skriv Nancy Herz på Facebook.