Fann 7600 år gamal is
Forskarar har funne Noregs eldste is i Jotunheimen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Juvfonne i Jotunheimen har is som er 7.600 år gammal, dette er den hittil eldste isen som er datert i Fastlands-Noreg, skriv forskingsmagasinet Gemini.no.
Juvfonne er ei lita isfonn (0,15 km²) ved foten av Galdhøpiggen i Jotunheimen. I fonna er det hakka ut ein tunnel i den gamle isen og det er i denne tunnelen det vart tatt ut ein isprøve som vart sendt til Paul Scherrer Institute i Sveits for karbondatering. Der fann dei ut at isen er 7.600 år gammal.
– Vi vart litt overraska då det viste seg at isen var så gammal, seier førsteamanuensis Rune Strand Ødegård ved NTNU.
For 9.000-10.000 år sidan smelta innlandsisen i dette området, og klimaet blei mykje varmare. Den varmaste perioden var for 7.000-8.000 år sidan. Resultata frå Juvfonne opnar for moglegheita til å finne is frå slutten av siste istid i høgfjellet i Sør-Noreg.
– Det er sannsynleg at det finst eldre is, den 7.600 år gamle isen vart funnen på 1.850 meters høgde. Dateringa av isen i Juvfonne er midt i varmeperioden etter siste istid og det er jo utruleg spennande å finne ut om isen har overlevd varmetida, seier Ødegård.
Og kanskje finst det organisk materiale lagra i den gamle isen. Det førebels mest kjente arkeologiske funnet i fonner i Jotunheimen er Noregs eldste sko som er 3.500 år gammal.
Bjørn Ola Sveen Volden (26) og Åsmund Gaukstad (24) lærer unge og gamle om klimautfordringane på ein konkret måte. Foto: Andrea Rygg Nøttveit