Peer Gynt blir dataspel

150 år etter at Henrik Ibsen skreiv teaterstykket, skal det no bli spel.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Peer passar faktisk ganske bra som den helten ein ikkje skulle tru kunne vere ein helt, seier speldesignar Catharina Due Bøhler i Sarepta Studio på Hamar til NRK. Ho har hovudansvaret for å overføre den dramatiske historia om Peer Gynt til speluniverset.

Det er Peer Gynt A/S som står bak prosjektet. Selskapet frå Nord-Fron har gjennom mange år hatt stor suksess med å oppføre Henrik Ibsen sitt mest kjende verk på teaterscena ved Gålåvatnet. Dei opplever at mange i publikum får seg ei aha-oppleving når dei ser Peer Gynt for første gong:

– Mange synest nok at Peer Gynt var frykteleg keisamt då dei las stykket på skulen, seier May Britt Støve som er utviklingsansvarleg i Peer Gynt A/S.

Difor brukar selskapet no mellom seks og åtte millionar kroner for å utvikle ei undervisingspakke til bruk i skulen. Dataspelet blir det viktigaste verkemiddelet for å dra nye generasjonar inn i den 150 år gamle historia, og tanken er at det kan brukast i fleire fag, ikkje berre norsk.

Målet er å ha første versjon klar mot slutten av 2017.

LES OGSÅ: – Spel er ikkje berre spel, seier spelforskar Emil Hammer

Les også intervjuet med spelforskaren som vil ha dataspel inn i skulen!