Noreg er mest korrupt i Skandinavia

Somalia toppar lista over verdas mest korrupte land, medan Noreg er sjette best i klassen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg meir korrupt enn naboane

Verda vert meir korrupt. I alle fall om me skal tru korrupsjonsindeksen frå Transparency International. To tredelar av dei 176 landa i årets kåring opplever større grad av korrupsjon, melder NRK.no.

Somalia held seg stabilt på botnen og vert framleis rekna som det mest korrupte landet i verda, etterfølgt av Sør-Sudan, Nord-Korea, Syria og Jemen.

Våre danske naboar tek også i år førsteplassen, etterfølgt av New Zealand, Finland, Sverige og Sveits.

I 2015 kom Noreg på femte plass, men i år hamnar me på sjetteplass med 85 poeng.

– Har hatt alvorlege skandalar
Guro Slettemark, generalsekretær i Transparency International Norge, understrekar at det ikkje er veldig store poengsummer som skil topplanda.

– Men i Noreg har me hatt nokre ganske alvorlege og store korrupsjonsskandalar, som kanskje har vore med på å bevisstgjere den norske befolkninga om at me faktisk har utfordringar i Noreg også, seier ho til NRK.

Den årlege undersøkinga rangerer landa etter kor korrupt dei offentlige sektorane vert oppfatta. Rangeringa går frå 1 til toppen 100, og i snitt skårar landa 43.

Pressefridom, informasjon og uavhengige rettssystem
Topplanda har gjerne større grad av pressefridom, tilgang til informasjon om offentlege utgifter og uavhengige rettssystem.

I landa på botnen er det gjerne korrupte offentlege tenester der både politi og rettsvesen kan bestikkast. Indeksen er basert på tal frå Verdsbanken, Den afrikanske utviklingsbanken og den sveitsiske handelshøyskolen IMD.

Det største fallet på indeksen har 31. plassen Qatar, som fell frå 71 poeng i fjor til 61 poeng i år. Ifølgje Slettemark har dette samanheng med FIFA og førebuingane til fotball-VM i 2022, der det er påvist fleire store brot på menneskerettane.

Faktaboks

Beste og verste land, målt etter kor korrupt den offentlege sektor vert oppfatta som

1. Danmark

1. New Zealand

3. Finland

4. Sverige

5. Sveits

6. Noreg

– – –

173. Syria

174. Nord-Korea

175. Sør-Sudan

176. Somalia

(Kilde: Transparency International)