Per Olav Kaldestad blir festivalforfattar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per Olav Kaldestad blir festivalforfattar under verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord – i november.

Allereie under Vossa Jazz, 8. april, kan du få ein forsmak. Bandet Morgonfrosken, med tekstar av Kaldestad, og oppkalt etter diktboka hans Når morgonfrosken syng, spelar opp.

Les intervju med bandet her!

Temaet for Falturiltu 2017 blir «Svev og stev» som spelar på tematikken i Per Olav Kaldestad sin omfattande forfattarskap, og det er naturleg at barnedikt er fokus for årets festival.

– Sonettar, frie vers eller gjendikting, skjønnlitteratur, essays eller barnebøker – Per Olav Kaldestad har meistra det meste i sitt forfattarvirke, skriv Trond Leirvik Onarheim i ei pressemelding.

Kaldestad debuterte med diktsamlinga Kikkert i 1973, og har sidan den gong utmerka seg som ei særs mangfaldig, produktiv og dyktig stemme innanfor samtidslitteraturen.

Dei mange barnebøkene hans har vorte særs populære, og spesielt dikta for born i Sola klappar meg (1990) og Når morgonfrosken syng (2003) og biletbøkene Med kråkenebb og kråkeføter (2010) og Dronninga kallar (2016) som begge er laga saman med illustratøren Hilde Kramer (bildet).

LES OGSÅ: Per Olav Kaldestad skildrar bieliv i ny barnebok

Mange av tekstane hans er også tonesett, av artistar som Vamp, Aftenlandet, Kenneth Sivertsen og Annlaug Børsheim. 

Sentralkomitéen i Falturiltu i 2017 består av Anna R. Folkestad, Jane Jünger, Hege Myklebust, Trond Onarheim og festivalleiar Roald Kaldestad.