Håpar å koma på vippen i 2017-valet

Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom Anna Serafima S. Kvam om året som har gått og håp for 2017.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest i 2016?

–  Det mest gledelege som har skjedd i år er at Parisavtalen har vorte ratifisert, seier Anna Serafima S. Kvam.

Både Kina, USA, EU og fleire av dei andre store forureinarane har slutta seg til klimaavtalen.

– Kva har skuffa deg mest i 2016?

– Det som har skuffa meg mest i år er at Trump si rasering av amerikansk klimapolitikk ser ut til å verta akkurat så reell som frykta.

LES OGSÅ: Kina med sjeldan klima-kritikk av Trump

– Kva er det største ønskjet ditt for 2017?

–  Det største ønsket mitt for 2017 er at vi får stortingsrepresentantar på vippen etter valet, som er villige til å prioritera klimakamp.

– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– I jula skal eg lesa krim, og for dei av oss som er veldig glad i det vil eg rå til "Kaninjegeren" av Lars Kepler.

Les kva leiaren i Senterungdommen ser fram til i 2017