TV Bra utvidar på Vestlandet
Nett-tv-kanalen for og med utviklingshemma har base i Bergen, og vil no knyta til seg redaksjonar både i Sogn og Fjordane og i Rogaland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er den beste julegåva vi kunne ha fått, seier musikkterapeut Jorunn Bakke i Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.
Ho gler seg over at nett-tv-kanalen som held til i Bergen, no ønskjer å etablera seg i fylket. Fylkeskommunen er ein av samarbeidspartnarane som skal byggja opp TV Bra i Sogn og Fjordane.
– Dette vil vera med å styrkja deltakinga til utviklingshemma i samfunnet. Dei blir sett og høyrt på lik linje med andre. Vi gler oss til å samarbeida med TV Bra og er svært takksame for engasjementet deira, seier Nydal.
TV Bra fått to millionar kroner frå Extrastiftelsen til å etablera seg fleire stader på Vestlandet.
– Vi ønskjer å knyta til oss fleire redaksjonar i distriktet som kan laga reportasjeinnslag frå heile Vestlandet, seier redaktør og prosjektleiar Camilla Kvalheim i TV BRA til Nynorsk pressekontor.
Målet er å etablera ein redaksjon i Sogn og Fjordane i 2018 og ein redaksjon i Rogaland året etter.
TV Bra har som mål å leggja til rette for at utviklingshemma skal få ta del i offentleg debatt og kulturutveksling. Dei skal visa mangfald og breidde i kulturlivet og kvardagen til utviklingshemma. Integrering, demokratisering og å styrkja identiteten til målgruppa er viktige element i arbeidet, heiter det i pressemeldinga