Norske artistar kan tape millionar på mindre radiospeling

Norske artistar kan tape seks millionar i årlege inntekter når Radio Norge og P4 frå nyttår ikkje lenger er forplikta til spele norsk musikk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artistar kan tape radio-millionar

Når FM-nettet blir slått av neste år, er ikkje lenger dei kommersielle kanalane P4 og Radio Norge forplikta til å spele norsk musikk. I dag må delen liggje på minst 35 prosent norsk musikk, men 1. januar er det slutt, skriv Klassekampen.

Ifølgje Gramo vil norske artistar miste 5,9 millionar kroner i inntekter neste år dersom P4 og Radio Noreg halverer norskdelane sine. Gramo-direktør Martin Grøndahl seier han meiner anslaget er rimeleg ettersom begge kanalane har spelt mykje av den norske musikken om natta for å fylle kvoten.

– Vi kjem hundre prosent sikkert til å få mykje mindre norsk musikk på radio, og Gramos norske medlemmer kjem til å få mykje mindre pengar, seier Grøndahl.

– Radiokanalane seier dei spelar det folk vil høyre på, og då blir det «Stairway to heaven», seier han.

Tove Bøygard, nestleiar i Norsk foreining for komponistar og tekstforfattarar, delar bekymringa.

– Etter at fysisk sal fall vekk, sit ein igjen med smular. Radiovederlag er ei viktig inntekt for mange.

I P4 vil dei helst overlate ansvaret for ny norsk musikk til NRK.

– Det å introdusere nyutgivingar og ukjent norsk musikk er først og fremst eit ansvar NRK må bere, seier Kenneth Andresen i P4-gruppa til Klassekampen. (©NPK)

LES OGSÅ: Mindre elektronika, indie tilbake på Bylarm-programmet