Dronar kan bli hjelpemiddel ved Preikestolen

Regionrådet i Ryfylke vurderer å ta i bruk ny teknologi, blant anna dronar som kan bidra med nødhjelp, ved turistattraksjonar som Preikestolen i Rogaland.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dronar kan brukast til å overvake og kontrollere store fjellområde mykje raskare og meir effektivt enn folk til fots. Dette kan hjelpe til med å lokalisere sakna og droppe utstyr, seier prosjektleiar Ketil Barkved, som er regionutviklar i Ryfylke IKS til Stavanger Aftenblad.

Dei ser også på moglegheita til å bruke dronar til å flyge inn alt frå fjelldukar, varme klede og mat og drikke til folk som står fast i fjella.

I område med dårleg mobildekning kan ein ved hjelp av dronar flyge inn sambandsutstyr slik at redningsmannskap kan kommunisere med dei som treng hjelp. Annan teknologi, som elektroniske informasjonstavler, utleige av nødalarmar, og såkalla meshnettverk der det manglar telefondekning, er også planlagt å takast i bruk.

Preikestolen opplevde ny besøksrekord i år, og hjelpemannskap i området har sett ein auke i talet på redningsoppdrag. (©NPK)

LES OGSÅ: Politikarar på Stortinget vil gjere Preikestolen til nasjonalpark