Stortingspolitikarar vil verne Preikestolen


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil verne Preikestolen
Det kjem fram av eit forslag som ligg til behandling i energi- og miljøkomiteen.
Der blir regjeringa bedt om å starte eit arbeid med å utvide nasjonalparkplanen frå 1993 «med siktemål om å opprette nasjonalpark Østmarka og nasjonalpark Preikestolen».
Oslo bystyre gjorde i fjor sommar eit nytt forsøk på å gjere Østmarka til nasjonalpark. Eit tidlegare forsøk frå 2013 stranda fordi dei andre kommunane rundt sa nei.
– Dette kan vere siste moglegheit til å opprette ein nasjonalpark i skogsområda i Søraust-Noreg. Den verdifulle naturen i Østmarka er ikkje godt nok sikra gjennom markalova, heiter det i forslaget frå stortingspolitikarane.
Eit krav om å verne Preikestolen blei reist allereie i 2008.
Forslaget skal behandlast i komiteen i midten av oktober. (©NPK)