Mange valdsoffer slit med skuld og skam

Det kan gje store helseplager i vaksen alder.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svært mange valdsutsette slit med kjensler av skuld og skam. I studien min fann eg at særleg skamkjensle heng saman med psykiske problem, seier forskar Helene Flood Aakvaag ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress til Forskning.no.

Ho har både arbeidd med ei omfattande undersøking blant meir enn 4.500 personar om ulike typar vald og overgrep. I tillegg har ho materiale frå forsking på dei overlevande frå Utøya, skriv forskingsmagasinet.

Skuld- og skamkjensla kan arta seg på fleire vis.

– Personar som har opplevd valdtekt kan til dømes ha tankar som: Viss eg berre hadde gått ein annan veg eller ikkje vore så full, ville eg ikkje blitt valdteken, seier Aakvaag.

LES OGSÅ: Kampanjevideo mot vald mot kvinner slår an

Dei klandrar med andre ord seg sjølv og føler det er noko feil med dei som person. Det fører igjen til ei skamkjensle som dei vil prøva å skjula for andre, noko som ofte blir ein vond sirkel.

– Å skjula ei vond oppleving kan difor vera ein strategi for å verna seg mot avvising, seier Aakvaag.

Ho strekar under gode relasjonar med hjelp og forståing frå andre er ekstra viktig for å hela dei vonde opplevingane.

Aakvaag er no i gang med eit nytt forskingsprosjekt for å prøva og finna ut korleis det går med deltakarane i den første spørjeundersøkinga på sikt.

– Dette vil gje ny kunnskap om kva faktorar som heng saman med seinare helse og fungering. Vi er spesielt opptekne av å forstå kva som gjer at nokre av dei som opplever vald i barndommen blir utsette for nye overgrep. Slik kunnskap kan brukast i førebyggingsarbeidet, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Éin av ti har blitt utsett for vald heime