Dei som tener mest, slepper ut mest

Slepp ut tre gonger meir CO2 enn dei fattigaste.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To forskarar ved Universitetet i Oslo har sett på samanhengen mellom inntekt og CO2-avtrykk, skriv Klassekampen.

– Vi har prøvd å rekne på korleis karbonavtrykket varierer for ulike inntektsgrupper, og har kome fram til at det i Noreg er tilnærma eitt-til-eitt-forhold mellom inntekt og utslepp, seier stipendiat Elisabeth T. Isaksen. Saman med Patrick A. Narbel har ho publisert resultata i ein artikkel i tidsskriftet Ecological Economics.

I 2014 hadde dei 10 prosent rikaste hushalda i Noreg 2,9 gonger høgare inntekt enn dei 10 prosentane på botnen. Resultata til forskarane indikerer dermed at denne gruppa rike forureinar tre gonger så mykje som dei fattige.

– Dette er eit argument for meir progressiv skattlegging. I tillegg til å redusere økonomisk ulikskap vil slik skatt redusere utsleppa, seier Anders Skonhoft, som er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU.

– Det er ikkje slik at alle har like mykje skuld i klimagassutsleppa. Dei rike slepper ut mykje meir enn dei fattige. Dette er eit aspekt som sjeldan eller aldri er oppe i klimadebatten, seier han. (©NTB)