Isaksen får kritikk i Westerdal-saka
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) får kritikk av fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget for handteringa av Westerdals-saka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet, MDG og KrF fann grunn til å bruke nemninga kritikkverdig i sine merknader. Saka handlar om ei ulovleg overføring frå den private høgskulen.
Fleirtalet meinte at statsråd Torbjørn Røe Isaksen og Kunnskapsdepartementet både kunne og burde handla annleis.
Mindretalet, beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, meinte det ikkje var grunnlag for formuleringa kritikkverdig. Men også dei fann grunn til å omtale saka som alvorleg og merke seg at statsråden burde stilt fleire spørsmål tidlegare.
Jette Christensen i Arbeidarpartiet meiner formuleringane frå fleirtalspartia trass alt er ganske sterk kost frå statsrådens eigne rekkjer.
– At statsrådens parti, regjeringspartnar og samarbeidspartnar ikkje ønskjer å bruke formuleringa, det får vere opp til dei. Men eg kan ikkje beskrive det på nokon annan måte, seier ho til NTB.
Erik Skutle i Høgre meiner saka ikkje er alvorleg nok til at ein skulle lande på ein slik konklusjon.
– Det er den djupaste ripa i lakken ein kan få som statsråd før det er snakk om mistillit. Men vi har skrive i våre merknader at saka er alvorleg og at Kunnskapsdepartementet burde stilt fleire spørsmål tidlegare, seier Skutle. (©NPK)