Lukta lurer sjøfugl til å ete plast
For sjøfugl luktar plast mat og lokkar dei til å ete avfallet, viser ein ny forskingsstudie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lurer sjøfugl til å ete plast
Stadig fleire sjøfuglar døyr av plasten dei får i seg. Og no viser det seg at det ikkje berre skjer tilfeldig i jakta på ekte mat, men at fuglane blir tiltrekte av plastsøppelet, ifølgje ein ny amerikansk studie, publisert i tidsskriftet Science Advances.
Forklaringa er at algane som gror på ulike typar plast i sjøen, skil ut svovelforbindelsen dimetylsulfid (DMS), som gir fuglane signal om at dette er interessant føde. Lukta er nemleg den same som oppstår når dyreplankton et planteplankton, og er dermed eit viktig matsignal for sjøfugl som lever av dyreplankton, som til dømes kril. (©NPK)