Dag 1 i Trump-land
Amerikanarar opplev ei bølge av rasisme og hatske ytringar etter at Trump vart vald til president
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Muslimar, afroamerikanarar, latinamerikanarar, homofile og andre minoritetar møter rasistiske og hatefulle utsegn i kjølvatnet av Trump sin valsiger. Frå skular og universitet i landet kjem det talrike rapportar om unge, kvite menn som tek seg til rette, tydeleg inspirert av Trump sin valkamp.
Rapportane om reaksjonane er i hovudsak samla av journalist Shaun King i New York Daily News. Sjå video nedst i saka.
LES OGSÅ: Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump
Demonstrasjonar mot Trump
Sidan valsigeren onsdag har demokratar demonstrert i fleire store amerikanske byar. I går rapporterte NRK at demonstrantar hindra trafikken i Los Angeles og at 5000 demonstrerte framfor Trump-tower i New York.
Fredag morgon rapporterer NRK om at politiet i Portland, Oregon prøver å få kontroll på valdelege demonstrantar.
Den nyvalde presidenten har kommentert saka på Twitter, der han gjev media skulda:
Just had a very open and successful presidential election. Now professional protesters, incited by the media, are protesting. Very unfair!
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) 11. november 2016
9 timar seinare tvitra den komande presidenten positivt om demonstrasjonane
Love the fact that the small groups of protesters last night have passion for our great country. We will all come together and be proud!
— Donald J. Trump (@realDonaldTrump) 11. november 2016
LES OGSÅ: Låg veldeltaking sikra Trump sigeren
Sjå video frå ABCNyheter:
Sjå Twitter Moments frå Dag 1 etter valet av Trump her: Day 1 In Trump's America