Låg valdeltaking sikra Trump sigeren
Berre halvparten av amerikanarar over 18 år stemte ved valet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka vart heile verda sjokka over at Trump vann valet i USA. Blant ekspertkommentatorane er det ei blanding av katastrofespådommar og versjonar av «no må vi stå saman».
Folk leitar etter svar på kvifor Clinton tapte, og kva gale som kan skje med Trump som president.
Eitt svar kjem frå oversikten over valdeltakinga. I 2016 har 10 millionar færre amerikanarar stemt, samanlikna med rekordåret 2008.
A quick look at turnout data: It seems 2016 was nothing special for the Rep-candidate. It's the Dem-candidate that didn't get the vote out. pic.twitter.com/wby3gta26m
— D Yanagizawa-Drott (@yanagiz) 9. november 2016
– I ein kvar valkamp er det viktig å mobilisere velgarar, seier Gunnar Grendstad, professor ved Universitetet i Bergen.
Han skildrar valet for åtte år sidan som eit stort mobiliseringsval. I 2008 klarte Barack Obama å mobilisere til ei rekordhøg valdeltaking. «Yes we can,» vart eit slagord for ein heil nasjon, og ein ny generasjon veljarar gav Obama ein overlegen siger over republikanske John McCain.
– Mobiliseringa hadde ikkje same effekt i 2012, då Obama var attvald, men deltakinga var likevel høg. Clinton fekk ikkje til det same som Obama gjorde, understrekar Grendstad.
Rekordlåg valdeltaking
Valdeltakinga for presidentvalet i år er på 51,3 prosent av alle over 18 år (siste opptelling pågår endå, så dette talet kan stige noko).
Grendstad peikar på den skitne valkampen som ein av faktorane til at over 100 av dei 245 millionar amerikanarane over 18 år ikkje deltok i valet i år.
– Eg trur mange amerikanarar dette året er leie av politikk, at dei er «fed up» og har latt vere å stemme.
Han trur ikkje nødvendigvis at resultatet hadde vorte annleis dersom Bernie Sanders hadde vore demokratane sin kandidat.
– Dette var året då republikanarane skulle ta over, etter åtte år med demokratisk president, seier Grendstad.
Eit delt USA
Frå målingar etter valet er det tydeleg at USA er delt mellom menn og kvinner, kvite og ikkje-kvite, høgt utdanna og dei utan utdanning.
Grafen under viser endringane i stemmegiving mellom 2012 og 2016, frå The Telegraph.
Ein graf frå The Economist viser eit større utval av velgargrupper.
Clinton, med slagordet «stronger together», klarte ikkje å mobilisere veljarar, særleg kvinner og latinamerikanarar. Trump-kampanjen fekk færre stemmer enn dei to førre presidentkandidatane frå det Republikanske partiet.
Trass i at Clinton fekk flest stemmer, var det Trump som vann flest valmenn fordelt på dei 50 statane, og difor sit Trump att som vinnaren, den neste presidenten i USA.
LES OGSÅ: Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump
Saka er oppdatert for totalt tal stemmer.