Sa opp jobben i olja, og byrja som bonde

No kan Torbjørn Grønstad vinna tittelen Årets unge bonde.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For tre år sidan overtok Torbjørn Grønstad (30) familiebruket i Etne. Etter eitt år på bruket sa han opp oljejobben for bli heiltidsbonde. Det har han ikkje trega på.

Nå er han i semifinalen i kåringa av Årets unge bonde i regi av Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s i Norge og Felleskjøpet Agri. Konkurransen er ein del av rekrutteringskampanjen Grøn Ungdom som starta i 2010.

– Å ha dyr og produsera mat er eit stort privilegium. Eg har ikkje angra valet mitt ein einaste dag, seier den lokale kandidaten i tevlinga.

Hard konkurranse
Etnebonden kjempar med 18 andre unge bønder om den gjeve tittelen etter at det kom inn over 400 nominasjonar. Årets unge bonde skal vera eit sunt førebilde som kan inspirera fleire kloke hovud og driftige hender til å finna vegen til norsk landbruk.

Rekrutteringa til grøne utdanningar har auka jamt det siste åra. Bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag, Torstein Klev, meiner kandidatane er bevis på at norsk landbruk har ei lysande framtid, og viser blant anna til at det er eit stort spenn både når det gjeld drift og geografi blant kandidatane

Dei fem semifinalistane som får flest stemmer på ei nettbasert avrøysting innan sundag 23. oktober, blir vurderte av ein fagjury som til slutt kårar vinnaren.

Juryen blir leia av mat- og landbruksminister John Georg Dale, mat- og tv-profil Arne Hjeltnes, Dag Jørund Lønning, forfattar og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutviking, Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Lauren Cody Källén, administrerande direktør i McDonald’s i Norge, og Tora Voll Dombu, leiar i Norges Bygdeungdomslag.

Årets unge bonde blir kåra under Felleskjøpets Ung bonde-samling laurdag 12. november. I tillegg til heider og ære, mottar vinnaren 20.000 kroner som skal gå til ei draumereise.

LES OGSÅ: Yrkesfagelevar satsar på grønt skifte

Aktiv
På garden i Etne bur 30-åringen saman med kona Renate og sonen Theodor (3). Dei driv med mjølk- og kjøttproduksjon. Grønstad er aktiv i lokale verv og er blant anna leiar i Etne bondelag.

– Ved å engasjera meg i bondelaget får eg sjansen til å påverka landbrukspolitikken. I tillegg er det ein fin arena til å treffa dyktige bønder og fagfolk som brenn for det same som meg. Me har eit progressivt og godt landbruksmiljø i kommunen, og det vil eg bidra til å behalda, seier Grønstad.

Les saka i Grannar!