Her er dei ti vanskelegaste jobbane å finne folk til
Fagfolk til bygg og anlegg er den arbeidskrafta som er vanskelegast å få tak i her i landet, ifølgje norske arbeidsgivarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her manglar dei fagfolk
– Noreg har eit skrikande behov for faglærte. Ungdom som vel yrkesfag, får ikkje fullført utdanninga på grunn av mangel på læreplassar, seier konsernsjef Maalfrid Brath i ManpowerGroup.
Omsetnaden i bygg- og anleggssektoren har vakse med 42 prosent sidan 2010.
I same periode har talet på elevar, lærlingar og lærlingkandidatar på yrkesfaglege utdanningar auka med 2,9 prosent.
– Unge vel vekk yrkesfag og går for akademiske yrke. Dei vil bli økonomar, advokatar og samfunnsvitarar. Men vi må i større grad utdanne ungdom til jobbar som det er bruk for, seier Brath.
Likevel synest situasjonen ikkje å vere spesielt dramatisk. I ei undersøking blant 751 norske arbeidsgivarar, svarer 84 prosent at dei ikkje opplever problem med rekrutteringa. I fjor svarte 70 prosent det same.
Faktaboks
Dette er dei ti vanskelegaste jobbane å finne folk til:
1. Faglært arbeidskraft
2. Seljarar
3. Teknikarar
4. Juridisk personale
5. Legar og helsepersonell (ikkje sjukepleiarar)
6. IT-personell
7. Sekretærar, resepsjonistar og administrative assistentar
8. Sjåførar
9. Ingeniørar
10. Rekneskap og økonomimedarbeidarar