30 millionar til forsking på ME
Pasientar, pårørande, behandlarar og organisasjonar vil ha kunnskap om årsakene og effektiv behandling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I vår mottok Forskingsrådet heile 737 innspel til behov for forsking innan ME, også kalla kronisk utmattingssyndrom. Innspela kom frå frå pasientar, pårørande, behandlarar og organisasjonar i Noreg og utlandet.
Dei fleste etterlyser forsking for å kartlegge årsakene til ME og effektiv behandling. Det er per i dag ingen effektiv medisinsk behandling for ME.
Eit brukerpanel av pasientar, pårørande, behandlarar og forskarar har vurdert alle innspela, og utarbeidd rammene for kva forskarane kan søke om midlar til. Førre veke lyste Forskingsrådet ut 30 millionar kroner til «behovsidentifisert forsking på CFS/ME».
– Det er fyrste gong vi inviterer pasientar, pårørande og behandlarar til å fremje forslag til forskingsspørsmål på denne måten. Det har vore både nyttig og interessant. Dei 737 innspela og møta med brukerpanelet viser at ME er eit område med store kunnskapshol, seier Arvid Hallén i ei pressemelding.
Vil tette kunnskapshol
For å sørge for at millionane vert nytta til føremål som er i tråd med innspela, skal søkarane fyrst sende inn ein forenkla søknad, som skal vurderast av brukerpanelet. Nokre utvalde forskarar vert deretter invitert til å sende inn ein meir omfattande søknad, som skal vurderast av utanlandske ekspertar.
– Målet er at resultat av forskinga skal kunne utnyttast i helsetenesta på relativt kort sikt, skriv forskingsrådet på sine nettsider.
Søknadsfristen for å sende inn ein forenkla søknad er 23.november.
– Forskingsrådet vil bidra til å skaffe kunnskap som kan betre liva til pasientane, og vi håpar å få mange søknader av høg kvalitet for å tette nokre av kunnskapshola, seier Hallén.
LES OGSÅ:
Ut av mørket med ny medisin
Faktaboks
Kronisk utmattingssyndrom vert også kalla for CSF (Chronic fatigue syndrome) eller ME (Myalgic Encephalomyelitis)
Sjukdomen rammar i ulik grad og har ingen kjend årsak
Hovudsymptomet er langvarig utmatting
Det finnast per i dag ingen kur for ME, men ulike tiltak kan redusere symptoma for dei som vert sjuke.
Kjelde: Helsenorge.no