Sinne etter Ferrante-artikkel
Jojo Moyes: «Berre kriminelle fortener å bli avslørt».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Berre kriminelle fortener å bli avslørt»
Arbeidet til den italienske journalisten Claudio Gatti med å prøve å avsløre identiteten til forfattarpsevdonymet Elena Ferrante har vekt sinne i delar av bokbransjen.
Elena Ferrantes forleggjar Sandro Ferri, som uttaler seg i The Guardian, seier at han ikkje har noko som helst forståing for arbeidet til Claudio Gatti, skriv Dagens Nyheter.
– Vi synest denne typen journalistikk er ytst ubehageleg. Å leite i lommene til ein forfattar som heilt enkelt har valt å ikkje vere offentleg, seier Ferri.
LES OGSÅ: Ferrante – gull verdt for Samlaget
Mange forfattarar har også reagert negativt på artikkelen, skriv Entertainment Weekly.
Blant dei som har reagert sterkast er forfattarkollega Jojo Moyes. Ho skriv på Twitter at «Berre kriminelle fortener å bli avslørt».
Det var i helga at artikkelen til Gatti blei publisert samtidig i tyske Frankfurter Allgemeine Zeitung, italienske Il Sole 24 Ore, amerikanske The New York Review of Books i tillegg til franske Mediapart.
I teksten blir ein kvinneleg Roma-busett omsettar peika ut til å vere den som truleg skjuler seg bak psevdonymet Elena Ferrante. (©NPK)
LES OGSÅ: Ferrante-bøkene blir tv-serie