Jublar for fleirtal for sidemål i KrFU
KrFU vil styrkja sidemålet sin plass i skulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag byrja KrFU-landsmøtet. Ei av dei viktigaste sakene er nytt hovudprogram. Og eit ope spørsmål før landsmøtet var om KrFU ville fjerna karakter i sidemål, det andre at KrFU stør å ha karakter i både hovud- og sidemål.
LES SAKA: Kjempar for framleis sidemålskarakter i KrFU
Fredag kveld vedtok ungdomspartiet å halda på eigen karakter for sidemål.
– Det er jo kjempebra, seier nyvald fylkesleiar i Hordaland, Emma Løvaas Akyeampong.
– Dette betyr auka satsing på sidemålet ettersom me òg vil vekta undervisinga likt, legg ho til.
– Det er ei viktig sak å støtta språkmangfaldet i Noreg. Me er fleire som vil snakka om kor viktig sidemålet er, sa ho til Framtida.no tidlegare fredag.