47 norske ulv skal skytast: – Ei skam

Grøn Ungdom reagerer på at 47 av vel 60 ulvar i Noreg skal skytast.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei skam

Fredag blei det klart at 47 av dei drygt 60 ulvane som lever i Noreg skal skytast denne vinteren. Dette er eit resultat av politikken som vart vedtatt i ulveforliket før sommaren. Dette får dei nasjonale talspersonane i Grøn Ungdom, Anna Kvam og Lage Nøst, til å rasa:

– Dette vedtaket er eit stort steg på vegen mot utryddinga av ulv i norsk natur. Når me tar ut så mange individ vil genmaterialet til dei som blir igjen få endå dårlegare vilkår, og me risikerer at fleire vil døy av sjukdom. Denne politikken er skammeleg.

– Den norske rovdyrpolitikken er eit solid skot for baugen for Noregs sjølvbilde som ein ambisiøs miljønasjon. Me er glade for at Miljøpartiet De Grøne stilte seg utanfor forliket. Partia bak ulveforliket bryr seg ikkje ordentleg om naturen vår, seier talspersonane.

LES OGSÅ: Genetisk viktig ulv skoten

Ulveflokkar og revirmarkerande par i Skandinavia 2015/2016:

Faktaboks

Vinteren 2015-2016 blei det registrert 65-68 ulvar som berre heldt til innanfor Noregs grenser. I tillegg blei det registrert minst 25 ulvar som lever i grenserevir på begge sider av riksgrensa mot Sverige.
Kjelde: Rovdata.no