Landbruksnæringa vil måle gardsutslepp
Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving samarbeider for å utvikle ein klimakalkulator som kan måle utslepp på kvar enkelt gard.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å kutte produksjonen er jo inga løysing. Vi kjem alltid til å trenge mat, og vi endar opp med å importere meir, seier nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag til Nationen.
Drøvtyggande dyr og husdyrgjødsel er hovudkjelder til utsleppet frå landbruket, i tillegg til gjødselbruk og maskinbruk. Gimming seier prosjektet vil gi bøndene kunnskap om eigen produksjon.
– Klimakalkulatoren skal kunne brukast på gardsnivå for å berekne utsleppa for kvart enkelt bruk. Deretter skal bonden få råd om korleis kutta kan gjerast, seier han.
Finansieringa av oppstarten av prosjektet er på ein million kroner, og kjem frå jordbruksoppgjeret. Målet er eit klimakutt på 20 prosent frå landbruket.