Kvammen og Sortland til Folk & Finn på Falturiltu
Daniel Kvammen og Finn Tokvam tar turen til den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er Finn sine folk
– På sitt særeigne vis lar Tokvam oss kome halvtett inn på heilinteressante personar. Tokvam garanterer også musikk, dans og basar. Kort sagt topp underhaldning. No er det ei stor glede å røpa at gjestene på ARENA, fredag 11. november, blir musikar Daniel Kvammen og festivalforfattar Bjørn Sortland, skriv festivalsjef Roald Kaldestad i ei pressemelding.
Falturiltu vert arrangert på Stord i Sunnhordland 5.-12. november.
I 2016 feirar den nynorske barnebokfestivalen tiårsjubileum.
Med debutplata «Fremad i alle retninga» viser Kvammen (26) at korkje alder eller heimstad treng å vera ei hindring når ein skal å laga ei imponerande heilstøypt og emosjonelt lada debutplate. Albumet fekk strålande mottaking, med terningkast 5 frå blant andre Aftenposten, Dagsavisen, Adresseavisen, NRK P3 og Dagbladet. Daniel Kvammen har spelt på Norges største festivalar og spelestader dei siste åra.
Festivalforfattar Bjørn Sortland blir også gjest på denne festkvelden på Arena. Sortland har skrive over femti bøker, hovudsakleg for barn og unge. Bøkene hans er omsett til over tjue språk, og dei har sikra han ei lang rekke prisar i inn- og utland.
Finn Tokvam er kjent frå P.I.L.S på NRK, han er spaltist i Bergens Tidende og vokalist i populærorkesteret Finn-Erix. Han har skrive bøker og dansa seg inn i hjartene til folk flest. Som journalist, kåsør og humorist har han gjort ei rekke intervju med kjente personar dei siste tjue åra. Han er spesielt kjent for spørsmålet: tok du fly?