Stor auke i togreiser med hurtigtog

39 prosent auke i togreiser Oslo – Stockholm.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det eitt år sidan SJ starta opp trafikken med X 2000 mellom Oslo og Stockholm. Det har gjeve ein vekst i trafikken på heile 39 prosent og mellom Oslo og Karlstad på 76 prosent.

Hurtigtoget har redusert reisetida mellom Stockholm og Oslo frå seks timar til 4,5 timar, noko som har gjort toget til ein klar konkurrent til fly.

– Det er svært morosamt å sjå kva for ein suksess hurtigtoget X 2000 har blitt mellom Stockholm og Oslo, seier Christer Fritzson, administrerande direktør i SJ.

LES OGSÅ: Mogleg å kutte to timar på Dovrebanen

– Me meiner framgangen ligg i raske tog der kundane kan arbeida eller kvila seg fram og ta ein pause i våre rikhaldig utstyrde Bistro-vogner, reklamerer Petter Essén som er sjef for linja Oslo – Stockholm i SJ.

SJ signaliserer at dei arbeider for å få til fleire avgangar med X 2000 mellom Oslo og Stockholm. I dag blir køyrt det tre daglege tog i kvar retning.

LES OGSÅ: Nordmenn reiser meir kollektivt enn nokon gong