Alkohol kan føra til minst sju kreftformer

Ein halv million døyr av kreft på grunn av alkoholbruk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan føra til minst sju kreftformer

Det er sterke bevis for at alkohol kan føra til minst sju kreftformer.

Alkohol er rekna med å stå bak ein halv million kreftdødsfall i 2012, ifølgje ein artikkel i tidsskriftet Addiction, der Jennie Connor ved University of Otago in New Zealand har gått gjennom forsking på feltet.

Dette utgjer nesten seks prosent av alle kreftrelaterte dødsfall.

– Me ser at risikoen aukar, i takt med at at alkoholbruken aukar, og me er samde i at det er solide bevis for at alkohol direkte kan føra til kreft, seier Susannah Brown, forskingsleiar ved World Cancer Research Fund til New Scientist.

Det er enno usikkert kva som gjer at alkohol kan føra til kreft. Ein teori er at alkohol skader DNA, noko som kan føra til skadelege mutasjonar.

Dei sju kreftformene som er sett i samanheng med alkohol er kreft i munn og svelg, strupehovud, matrøyr, lever, tynntarm, tjukktarm og bryst.