Disney-prinsesser gir dårleg sjølvtillit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Merkevara Disney Prinsesser er ikkje fullt så trygg og grei som mange foreldre trur, konkluderer sosiologen Sarah M. Coyne ved Brigham Young-universitetet i Storbritannia i forskingsrapporten «Pretty as a Princess».

– Vi veit at jenter som identifiserer seg sterkt med kvinnelege kjønnsstereotypiar, føler det er ein del ting dei ikkje kan gjere. Dei er ikkje så sikre på at dei kan gjere det bra i matematikk og naturfag. Dei liker ikkje å bli skitne og er dermed mindre tilbøyelege til å prøve ut ting og eksperimentere, seier Coyne til avisa The Guardian.

Dette er ikkje det einaste problemet med Disney sine prinsesser. Lingvistar har funne ut at dagens Disney-heltinner, som Elsa og Anna i Frost, snakkar mindre enn sine mannlege motspelarar.

Coyne fann elles ut at jenter som har negative tankar om sin eigen kropp, hadde tendens til å dyrke dei slanke og feminine Disney-prinsessene meir over tid.

Resultata er basert på studiar av åtferda hos 200 gutar og jenter i førskulealder i lys av korleis dei bruker prinsesseleiker, – spel, – figurar og tilhøyrande aksessoarar frå Disney. (©NPK)

Les meir:

Ikkje alle jublar for kassasuksessen Frost. – Styrkar Frozen jenter ved å gjera mennene våre til idiotar og skurkar? spør Fox News.

Twitter håpar på meir mangfald i Disney. Fansen diskuterer om det kvinnelege paret i traileren til «Oppdrag Dory» er lesbisk

FN har slått fast at filmbransjen diskriminerer kvinner. Men Hunger Games banar veg for heltinner på det store lerretet