Halvparten så mykje søppel på Svalbard

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei av forklaringane kan vere at Longyearbyen har teke i bruk matavfallskverner, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samtidig aukar utsleppa i avløpet. Andre forklaringar kan vere det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader, skriv Statistisk sentralbyrå.

LES OGSÅ: – Kjeldesortering hjelper ikkje miljøet, ifølgje forskar Annegrete Bruvoll

Når vi samanliknar oss med andre land i Europa, har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg kasta 423 kilo kommunalt avfall per innbyggjar i 2014. Det er om lag 50 kilo mindre enn snittet i Europa.

Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og forbruksavfall frå næringslivet som blir teke hand om i kommunal verksemd. (©NPK)

LES OGSÅ: Nordmenn kastar mest elektronisk avfall i verda