Lesbisk par debuterer i Bamse-teikneserien

Vera og Frida er paret som dukkar opp i svenske Bamse. FRI jublar.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG skriv om sommarutgåva av Bamse-teikneserien, der det lesbiske paret Vera og Frida dukkar opp. Dei to har flytta frå storbyen til bygda, og elskar det.

Dette er første gong eit lesbisk par er med i teikneserien, og sjefsredaktør i Bamsetidningen, Charlotta Borelius, seier til Aftonbladet at grunnen er at dei prøver å visa ulike typar familiar.

– Verda til Bamse blir forandra og utvikla akkurat som den verkelege verda. Bamse er ein humanist og står for likeverd for alle.

Bamse-teikneserien finst ikkje lenger i Noreg, men blir seld i Sverige. Redaksjonen har fått fleire positive tilbakemeldingar, også frå Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI).

– Det er kjempefint at barn får sjansen til å sjå slike ting. Og at både lesbiske, transpersonar og homofile får historier dei kan kjenna seg igjen i, seier Ingvild Endestad i FRI til VG.

Meir som dette?

Fox News spør om dei sterke kvinnelege karakterane i «Frozen» er farlege for menn. Magasinet Fett svarar med hånleg fnising.

Denne teikneserien lærer deg nynorsk på ein lettfatta måte. Det vart fort populært.

Tegnehanne slo seg opp på sitt tragiske liv. No har Hanne Sigbjørnsen ting på stell, og må jobbe hardare for stripene.