Grytten kjem med ny bok til hausten

I tillegg blir ein av romanane hans lansert i Kroatia. Det blir andre Grytten-roman på den kroatiske marknaden.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forlaget Oktober melder at den populære forfattaren kjem med ei novellesamling til hausten, som har fått tittelen Menn som ingen treng.

Samstundes melder forlaget at I morgon er det måndag, boka som er ein del av Saganatt. Lundetrilogien, blir gitt ut i Kroatia.

Filmatisert som grå komedie
Romanen vart også filmatisert i 2014, og resultatet vart Her er Harold. Fleire gav filmen god kritikk, men vår anmeldar var meir skeptisk.

– Diverre endar ikkje filmen med eit stort smell. Det missar liksom litt piffen når kidnappingsplanen fell i fisk, same kor villig offeret er. Men turen til Sverige er lystig smådyster. Dysterlystig, skreiv Andrea Rygg Nøttveit den gong.

Likevel hadde filmen fleire positive sider:

– Humoren treff godt, utan å prøve for hardt. Du veit det er ei grå komedie når salen ler når Sundquist serverer replikken: «Mor di e’ dø’. Æ beklage», til den nyskilte, alkoholiserte sonen i Oslo, spelt av Vidar Magnussen.

Les heile filmmeldinga her.

Det er det kroatiske forlaget Disput som har kjøpt I morgon er det måndag for distribusjon i Kroatia. Same forlag ga også ut Grytten-romanen Brenn huset ned i 2015, som vart møtt med gode kritikkar ifølgje forlaget.

Du kan lesa meir om Frode Grytten og god litteratur hos Framtida.no:

I vinter reagerte Grytten på den såkalla «smykkelova» i Danmark. Då fekk han også internasjonal merksemd.

No går salet av e-bøker og lydbøker oppover – i fjor handla nordmenn for 5,9 milliardar kroner.

Teikneserieskapar Jenny Jordahl vil ha meir mensenprat. No er ho ein av 22 bidragsytarar i boka Mensen.