Mange friske har resistente bakteriar

– Det viktigaste vi kan gjere er å kutte ned på bruken av antibiotika.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av ti friske nordmenn har antibiotikaresistente bakteriar i tarmfloraen, viser ei undersøking Folkehelseinstituttet har gjort.

Førekomsten er lågare enn det ein har funne i andre land, men omfattar dei fleste formene for resistens. Forskarane fann mellom anna resistens mot antibiotikatypen colistin, som er sistelinjeforsvaret når andre antibiotikatypar ikkje verkar.

LES OGSÅ: Hugs at også sukker er ei grønsak

Bakteriane er som regel ufarlege for den som har dei i tarmen. Det viktige er å hindre at dei resistente typane får etablere seg i sjukehus og sjukeheimar.

– Det viktigaste vi kan gjere både nasjonalt og globalt, er å kutte ned på bruken av antibiotika. Vi må jobbe med å førebyggje infeksjonssjukdommar slik at behovet for å bruke antibiotika bli mindre, og berre bruke antibiotika når det trengst, seier fagdirektør Ulf Dahle i Folkehelsa.

I Noreg er målet å redusere antibiotikabruken med 30 prosent. Men så langt aukar bruken, sjølv om førekomsten av infeksjonar ikkje aukar.

– Det kan bety at vi oftare bruker antibiotika for å bli fortare friske av ukompliserte infeksjonar, seier Dahle, som strekar under at antibiotikaen bør sparast til situasjonar der det står om liv og helse.

LES OGSÅ: «Lat oss drite i sommarkroppen»