Bok om kroppspress blant gutar vann Uprisen
Jan Tore Noreng fekk Uprisen – årets ungdomsbok 2016 for romanen #alfahann.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vann Uprisen
– Eg har vore roleg og kul i heile dag, men no vart eg nervøs. Det her er så happy og kult. At dei kan like ei bok der hovudpersonen er så utåleleg og berre blir verre, det er ganske awesome, sa ein stolt Noreng.
Noreng fekk i dag prisen under eit arrangement i Kulturhuset Banken under Litteraturfestivalen på Lillehammer. I grunngjevinga til juryen heiter det blant anna:
Vinnarboka treff ungdom på ein spesiell måte. Han set fotavtrykk og gjorde veldig inntrykk på mange, noko me i storjuryen meiner ei god ungdomsbok skal gjera. Handlinga grip fatt i lesaren. Me måtte lesa vidare for å sjå korleis det gjekk med hovudpersonen. Me blei avhengig av å måtta vita.
Boka tek opp kroppspress og bruk av steroid. Som oftast handlar det om kroppspress sett frå perspektivet til ei jente, men i denne boka les me om ein gut som kjenner på kroppspresset. Me får innblikk i kva gutar kan skjula. Dette gjer boka original.
LES OGSÅ: – Heilt konge å få vera med på Uprisen
Det er Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skulesekken som står bak Uprisen. Prisen blei utdelt for tiande gong og haustar stor heider i norsk offentlegheit.
– Uprisen har blitt ein svært viktig pris, og han gir enorm heider til norske ungdomsbokforfattarar. Grunnen er at i Uprisen avgjer ungdom alt i frå nominasjonar og til kåring av vinnar. Samstundes utviklar prisarbeidet interesse for lesing, skriving og meiningsytring blant elevar i ungdomsskulen. Det har vore interessant å følgja utviklinga til prisen sidan starten i 2007, seier prosjektleiar Bjarte Bakken i Foreningen !les.
Faktaboks
Dei nominerte var:
#alfahann av Jan Tore Noreng, Gyldendal
Mumiens mysterium av Tom Egeland, Aschehoug
Evna (Ravneringene 3) av Siri Pettersen, Gyldendal
Glimt av Tor Arve Røssland, Samlaget
I morgen er alt mørkt – Marlens historie av Sigbjørn Mostue, Cappelen Damm
Juryklassane var:
Farsund barne- og ungdomsskole (Vest-Agder)
Flora ungdomsskole (Sogn og Fjordane)
Folldal skole (Hedmark)
Kråkerøy ungdomsskole (Østfold)
Mælan skole (Sør-Trøndelag)
Sør-Fron ungdomsskole (Oppland)
Vardø skole (Finnmark)