Skam vert hylla for openheit
Landsforeininga mot seksuelle overgrep ønsker Skam-scene om overgrep på pensum, og Kripos hyller NRK for å ta opp overgrepstematikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire har kasta seg på Skam-bølgja dei siste dagane, etter torsdagens mykje omtalte klipp i suksesserien på NRK.
I klippet tek hovudperson i serien, Noora, eit oppgjer med Nico, storebroren til kjærasten, som Noora mistenkjer har forgripe seg på henne på fest, og teke nakenbilde.
– Du er deg rett og slett i den situasjonen at du kjem til å bli dømt for barnepornografi, seier Noora til Nico før ho ramsar opp paragrafar som ho meiner Nico har brote.
LES OGSÅ: SKAM-skaparane: Må jobbe mot press
No vert serien hylla i sosiale medium. Fleire peikar på at serien kan hjelpe valdtektsofre og bidra til auka openheit.
– Då eg såg serien tenkte eg at dette er informasjon alle burde vite om som få veit om. Temaet i Skam-klippa er ei viktig sak eg brenn for, seier Lisa Arntzen, sosionom ved Dixi, eit senter for dei som har blitt utsett for valdtekt, til NRK.
– Burde blitt pensum
– Snakk om å ta makta tilbake! Vis denne til sonen din og til dottera din, om dei er i riktig alder. Og ja, denne scena frå «Skam» burde definitivt bli ungdomsskulepensum, skriv Landsforeininga mot seksuelle overgrep på Facebook.
Kripos har òg delt klippet på si Facebook-side. Her presiserer dei at Noora refererer til den gamle straffelova, men roser samstundes serien for å bidra til auka openheit.
– Håpar på ringverknad
– Vi synest det er viktig å opererer med riktig paragraf, sjølv om den nye har same strafferamme, altså fengsel inntil tre år, seier Ann Kristin Groseberghaugen, leiar for valdtektsseksjonen i Kripos til VG.
– Vi håpar at serien vil ha ein påverknad på unge, så mørketala blir mindre og fleire oppsøkjer lege og politi tidlegare. Kripos har sette i gang egne kampanjar, men serien gjev oss litt draghjelp, fortel ho vidare.
LES OGSÅ: SKAM: – Dette kan vi lære av William