Musikk gir babyar betre språk

Tidlege musikkopplevingar kan vere positivt for korleis barn lærer språk, meiner ei gruppe amerikanske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både språk og musikk har klare rytmar og mønster som vi følgjer med på for å forstå orda og musikken. Ei amerikansk forskargruppe ønskte derfor å undersøkje om musikkopplæring kunne gi noko effekt hos ni månader gamle spedbarn.

Les også: Er du gamal, unngå musikk på jobben

Les også: Språket som forandra musikk-Noreg

39 barn blei delt inn i to grupper, der den eine fekk i oppgåve å leike i takt med musikk, blant anna spele trommer. Den andre gruppa skulle også leike med pedagogiske leiker, men utan musikk.

Forskarane ville undersøkje om barna i eksperimentgruppa hadde blitt betre på å registrere rytmiske mønster, sidan dette kan påverke språklæringa. Ved å måle hjerneaktiviteten til barna medan dei spelte av ulike lydar, kunne forskarane konkludere med at barna i eksperimentgruppa var betre til å kjenne igjen mønster i lyden. Forskarane meiner derfor at dei har funne ei overføringseffekt mellom musikk og læring av språk, men at det må meir forsking til for å vise at effekten varer over tid, skriv Forskning.no